22/10/25

Skap ekte julestemning for vener og familie!

Når mørketida kjem er det ekstra fint å setje seg ned med ein varm kopp kaffi for å lage årets julekort. Eit lite augneblink av ro og glede over å sende varme helsingar til dei du bryr deg om. Her er våre 7 beste tips for å sikre at julekorta dine blir akkurat slik du drøymer om! 🎄

1. Vel ein mal som passar stilen din

Start med å finne ein mal som speglar deg og stilen du likar. Skal kortet vera klassisk og elegant, eller moderne og leiken? Kanskje du vil ha ein nostalgisk stil med gulltonar, eller eit reint, nordisk uttrykk med naturfargar.


2. Vel bilete med god kvalitet

Eit godt bilete gjer heile forskjellen! Bruk bilete med høg oppløysing, gjerne tatt i naturleg lys.
Unngå mørke og uskarpe bilete – sjølv det finaste motivet fortener god kvalitet.
Ekstra tips:Har du tatt bilete med mobilen? Sjekk at det ikkje er zooma inn, for då kan kvaliteten bli dårlegare.
Hugs også at bilete på skjerm kan sjå litt anleis ut enn på trykk, fordi skjermane våre ofte ikkje er kalibrert. Spør oss gjerne om du er i tvil!


3. Plasser bilete riktig i malen

Når du har funne favorittbiletet ditt, er det viktig å plassere det på rett plass i malen.
Klikk deg inn på bilete eller boksen der du ønskjer å plassere det nye bilete og vel "erstatt bilete", da hoppar bilete ditt perfekt på plass i malen. Pass på at hovuda ikkje blir kutta av, og at motivet har godt med luft rundt seg. Du kan enkelt tilpasse bilete etter plassering.


4. Skriv helsinga di – og les gjennom ein ekstra gong

Lag ei personleg helsing  på julekortet 💌
Skriv gjerne med eit glimt av humor og ein takk for året som har gått. Når du er ferdig, les gjennom ein gong til– små skrivefeil kan snike seg inn sjølv hos dei beste!


5. Ta ein siste kontroll før du bestiller

Før du trykker på “Bestill”, ta deg tid til ein siste sjekk:

  • Er bilete riktig plassert?

  • Ser fargane ut slik du ønskjer?

  • Er teksten rett skrive?
    Ein siste gjennomgang kan spare deg for irritasjon – og sikre at du blir heilt nøgd!


6. Vel riktig papir

Papiret betyr mykje for heilheita!
📸 Har du mykje foto og illustrasjonar? Då anbefalar me vårt standard papir (350 g) – eit kraftig papir som gir klare fargar og eit levande uttrykk.
✨ Ønskjer du eit meir eksklusivt og stilreint preg, kan du velja matt papir. Men hugs: Unngå for mykje små detaljar på matt papir, då dei kan miste litt skarpleik.


7. Fullfør med vakre konvoluttar

For ein ekstra touch – vel farga konvoluttar som står i stil med kortet.
Eit raudt kort med champagnefarga konvolutt, eller kanskje ein dus grøn tone til eit naturleg design? Små detaljar gjer stor forskjell – og løftar heile uttrykket.


Designer du kortet i eiga program?

Har du laga eige design i t.d. Canva?

  • Sørg for at storleiken er riktig (sjekk formatet i nettbutikken vår før du lastar opp).

  • Eksporter som PDF til utskrift og huk av for “beskjæringsmerker og utfall” for best mogeleg resultat.


💫 Kortlevert gjer det enkelt å skapa magiske augneblink – eitt kort om gongen.
Ta deg god tid, kos deg med prosessen og lag julekorta som spreier ekte julestemning. ❤️


Er du klar for å lage årets julekort? Klikk her.